Kulturminnedagar i Kinn Kommune 2025 *Foredrag om historie og historiske fakta fra ytre Nordfjord*
Kulturverndagene i Kinn arrangeres av Gloføykje Metallsøkerforening Vi inviterer til foredrag rund historie og historiske funn i regionen ytre Nordfjord. Det blir også foredrag om Slekt og Data, bruk av DNA i historisk sammenheng og personlig, men også om Pilegrims aktivitet i regionen. Det er en unik mulighet til å få kontakt og spørre om alt rund foredragene. Årets tema for Kulturverndagene er HJEM – utvikling, utvandring, utveksling Hjem handlar om staden vi høyrer til, naturen, fjordane og fjella rundt oss, også her i Kinn kommune. Landskapet er forma av istida og har sett sitt preg på liva våre gjennom generasjonar. Kysten vår ber spor av ei rik historie, frå steinalder, vikingtid, mellomalder og moderne tid, og historia kjem til syne i gamle gardar, steinrøyser, hustufter, gravhaugar og kulturminne langs kysten i heile regionen. Gjennom tidene har vi sett stor utvikling, handel og utveksling, som i vikingtida, gjennom hanseatane og jektefarten til Bergen. På 1800-talet kom bølgjer av utvandring, mellom anna til USA og Canada. Desse tema pregar årets kulturverndagar over heile Noreg. Vi ønskjer å løfte fram historia vår, handverkstradisjonane, dans, musikk, kystkultur, og ikkje minst den immaterielle kulturarven, historiene og forteljingane. Kulturverndagen i Kinn markerer starten på eit felles arbeid for å ta vare på denne arven i regionen og i heile Nordfjord. Det er viktig å verne om kultur og kulturarv og gi rom for det, for det er òg ein del av vår eigen identitet, uansett nasjonalitet, kvar du er fødd, kvar du voks opp, eller kvar du lever i dag. Bli med, åleine eller saman med foreiningar, og kanskje finn du di eiga historie. Kulturminnehelsing, Klaus-Dieter Edler, ein hanseat frå Lübeck, busett i Nordfjord Styreleiar, Vestland Kulturvernnettverk
Address
Hovedbygningen på Vågsberget Museum