Kva vil du bygga? Arkitektteikning for barn
        
  
    Overview
  
  
  
            
            
              
              
                
              
            
            
          
              
    Pop-up utstillinga Museet som ikkje blei bygga inviterer alle barn til å teikna sitt eiget draumebygg. Kva tykkjer du me treng av nye bygg i Suldal? Du kan dra inspirasjon frå utstillinga av Sverre Fehn sine skisser til det som skulle bli Norsk Vassdragsmuseum på Sand i Suldal. Museet skulle løfta fram vassdragskulturen og vasskrafta si rolle i utviklinga av lokalsamfunnet. Prosjektet fekk brei merksemd og var tenkt som eit landemerke for både Suldal, vasskrafta og for norsk arkitekturhistorie. Likevel vart planane aldri realiserte.
            Address
            
Kulturhuset i Suldal
          
Contact form