Lin-frå frø til tøy
I mai samarbeidde vi og sådde 20 små og store linåkrar rundt omkring i bygda. Desse må vi vatne, luke og passe på, fram til det er tid for rykking.
Laurdag 07.09. kjem Jon Fredrik Skauge frå Fannrem til oss. Han vil fortelle om sine erfaringar med å så lin, bearbeide, spinne og veve.Han er bonde, bunadtilvirkar, konservator, kulturarbeider, historikar og forfatter. Vi vil lære om korleis vi handterer linstilkane for å få fram spinneklar lin.
Vi vil få prøve oss på å rispe frø, bråke, skake og hekle det ferdigrøytte linen Jon Fredrik har med seg.
Kanskje får vi prøve å spinne litt og lage ein enkel vev også?
Det blir presentasjon av 3. klasse, 4. klasse og «ritualekomitéen» sine prosessar ved såing i mai.
Matservering.
Address
Inne og ute i Tingvollia.