Spikkefest 2024

Sunnhordlandstunet
Show on the map
07 September 2025
Overview

7\. september spikkar det laus på Sunnhordlandstunet!
Me feirar Kulturminnedagane som i år har temaet «Spor, nettverk og forbindelser» med ein stor fest på tunet.
Museet samarbeider med Ung husflid, Stord Husflidslag og HVL/ Kunst og handverk om dette arrangementet.
Saman ønskjer me å vekke spikkegleda til små og store.
Utstillingar, demonstrasjonar, kafé, kurs og workshops er noko av det som vil stå på programmet. Under denne festen ønskjer me at ulike kulturar skal møtast til dialog rundt bålet – gjennom spor i rått tremateriale.
Laurdag 7. september mellom kl. 12 – 16 er det duka for «MIN Kulturminnedag – SPOR etter DEG og MEG». Dette arrangementet vil vere ope og gratis for alle. Her vil me setje fokus på SPOR i tre ved å vise fram gamle bruksgjenstandar i tre med karveskurd, ornamentikk og geometrisk dekor – treskjeringskunst som ein kan finne spor av i alle verdas kulturar. Verkstadane skal organiserast slik at røynde vaksne frå Stord husflidslag, ungdomar frå Ung husflid – samt kunst og handverksstudentar frå høgskulen – saman med deltakarane skal spikke fram spor i rått tre. Samarbeidet om spikkinga vil gje SPOR frå både DEG og MEG. Aktivitetane legg vekt på det relasjonelle gjennom dialog; kven er DU og kven er EG? Gjennom samtalar og dialog kan museet og dei frivillige saman med deltakarane utveksla forteljingar og få innsyn i kvarandre sine kulturar. Noko som kan skape både nettverk og forbindelsar mellom ulike grupper representert i lokalmiljøet. Innhaldet i spikkeverkstadane vil ta for seg kunnskap om ulike treslag, kulturhistorie knytt til bruken av ulike treslag, bruk av kniv i både rått og tørt trevirke, demonstrasjon og utprøving av spikketeknikkar og dekor/ mønster i overflata. Sliping av sløv kniv vil og vere ein viktig del av arrangementet.

Address
Sunnhordlandstunet

59.783907364025, 5.5004193985081

Enter an address like "Chicago, IL".