Foredrag: Dei gamle tuftene i Gudmedalen
        
  
    Aperçu
  
  
  
            
            
              
              
                
              
            
            
          
              
    Onsdag 30. september klokka 17:00 inviterer Aurland folkebibliotek til foredrag med professor emeritus Svein Indrelid. Han er oppvaksen på garden Indrelid i Flåm, og har hatt ei lang karriere som arkeolog og forskar ved Universitetet i Bergen. Indrelid har skrive fleire bøker, mellom anna bygdebøkene for Flåm, og leia i 1978 utgravingane av 14 hustufter i Gudmedalen. Tuftene er daterte til den seinare delen av eldre jernalder, frå 200-talet til omkring år 500. Vel møtt til eit spennande møte med lokal historie og arkeologi. Arrangementet er gratis og ope for alle.
            Address
            
Aurland Folkebibliotek
          
Formulaire de contact