Kulturminnedagen 2024
Me invitera til ein spanande dag med aktivitetar og opplevingar for store og små.
Aktivitetar du kan delta på er:
  * Brenning av jern slik dei gjorde i jernalderen
  * Laga brikkevev
  * Smi i den gamle gardssmia
  * Muring med skikkeleg gråstein frå naturen
  * Oppleva kulturstien
  * Omvising i gamlahuset
  * Eigne aktivitetar for dei minste i snikkarbua
Det vert sal av drikke, fronsekaker/vaflar og pølser som du kan grilla på grua i tunet.
Koppen og vegen hit er ikkje tilpassa mange bilar og har få parkeringsplassar. Me oppmoda difor besøkjande til å gå eller køyra i lag. Det vert lagt til rette for parkering ved hovudvegen, kor det er om lag 1 km å gå.
Du som har vanska med å gå, kan sjølvsagt køyra heilt fram.
Inngang kr 100,- som du betala med Vipps eller kontant, når du kjem.
            Address
            
Koppen gard